Men på bygda her eg bur for eksempel, tar ein mopedlappen, kan ein køyre i 45 km/t for å komme seg til nærmeste matbutikk, som er 8 km vekke, eg har ikkje det værste tilfelle da. Om ein skal ha noko anna som kle, verktøy eller noko som helst anna må ein køyre 25 km ca, og omtrent heile vegen består av 70 - 80 sone. og ein blir forbikøyrt i knappe svingar på elendig veg. Men det er sånn mopedistene må klare seg med om dei skal holde det lovlig. Så trimming blir veldig fristende, men då blir det med en gang 6 prikker om ein blir tatt. (om det er prøveperiode da)
Det hjelper heller ikkje å ta lett mc lappen for den koster jo omtrent like mykje som bil lappen, pluss at sykkelen er ein 25 +/- (for ein sykkel med bra kvalitet). Ikkje nok med det så er også lettsykkelen plombert ned, ikkje at eg skal snakke så mykje om det, siden dei holder fartsgrensene. I tillegg er det forsikring på 3000 ++ om den er registrert på føreren som gjerne er 16-17 år. Omregistrering skal dei også ha, for å skifte eiger, altså endre namn på køyretøyet mitt skulle dei ha 1800 kr, for å konkret gå inn på datamaskin, inn i systemet og endre namn. og deretter vegavgift, husker ikkje heilt kva den var på, men sikker på at det var over 1000. Altså noko med 1000 ,- for eit køyretøy med 2 hjul som gjerne blir brukt i 5 månadar, kommer litt an på.
Så må ein også dekke driftkostnader, gjerne en 5000,- i året, minimalt. Alt det her skal då ein ungdom ha råd til, for kor mangen eldre kjenner dykk som putrer rundt på ein moped i 45 km/t eller ein lettsykkel.
Og vegstandaren her i Norge er faktisk heilt elendig, det er eit faktum ! Uansett kor mykje vegavgift vi betaler. Så min meining er at Trafikklovene om sykkel og vegsystemet (eller kva eg skal kalle det) her i Norge er ganske så dårlig.
Så klart tenker vi mykje sikkerhet her i Norge og har mindre dødsfall, men ærlig talt, det her blir for gale.
Ikkje oppfatt meg feil, Norge er eit herlig land å bu i ! Elsker meg her og helsesystemet vårt osv, men akkurat det her synst eg regjeringen og forskjellige andre foreninger, er så mangen som har innspel på forskjellige ting. Det er en ting som er fint med å bu i eit demokrati, at alle har noko dei skulle ha sagt. Derfor seier eg det her !

Gjerne del meingar, det her er då min !
Raixon


